Introduksjon

Naturvernforbundet takkar for moglegheita til å gje innspel til klimautvalets viktige arbeid. Vi har gjennom mykje arbeid med Noregs natur- og klimaforvaltning, deriblant tidlegare NOUar og klimaplanar, gjort oss nokre erfaringar det nye klimautvalet bør ta til etterretning Vi er sikre på at utvalet har mange aktuelle natur- og klimatiltak på blokka frå før. Derfor løfter vi her berre nokre få tiltak som ikkje har fått stor nok plass i tidlegare planar. Hovudvekta av vårt innspel handlar om rammer rundt planar for klimatiltak og klimarekneskap.

 

Innspel fordelt på tema

Utsleppsmål

  • 1990 bør nyttast som referanseår for samanlikning av utslepp. Utsleppskutt må både synleggjerast som akkumulerte utsleppskutt (slik det er gjort i Noregs utsleppssamarbeid med EU) og i ratio utsleppskutt [Utslepp år x]/[Utslepp år 1990] (slik til dømes klimamåla i Klimaloven er formulert). Dersom utsleppsår 2005 nyttast, til dømes for å vise til Noregs utsleppsavtalar med EU saman med andre EØS-land, må det tydeleggjerast at Noregs utslepp her var høgare enn i 1990, og at utsleppskutt for å nå mål med referanse til 2005 ikkje vil vere like ambisiøse som mål med referanse til 1990.
  • Noregs klimainnsats må vere i tråd med vår rettferdige del av dei globale klimakutta for å nå 1,5 grader. Det betyr at Noregs klimamål må skjerpast til minst 95 prosents utsleppskutt i 2050, utan at karbonopptak er medrekna.
  • Utvalet må ikkje ta utgangspunkt berre i Noregs per no vedtekne klimamål, ettersom desse klimamåla både skal skjerpast i åra framover, og heller ikkje speglar Noregs rettferdige del klimakutt. Utvalet må i staden ta utgangspunkt i klimamåla som Noreg må/skal vedta for å ta sin rettferdige del klimakutt. Sjå førre punkt.

 

Utomlands påverknad

  • Målet om at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn i 2050, må bety utsleppskutt i Noreg. Noregs påverknad på utsleppskutt i andre land kan ikkje inngå som ein del av Noregs eigen måloppnåing av klimamål. Siste punktum i klimalova § 4 «Ved vurdering av måloppnåelse skal det tas hensyn til effekten av norsk deltakelse i det europeiske klimakvotesystemet for virksomheter» bør fjernast.
  • Noregs verknader på klimagassutslepp i utlandet må likevel vurderast, og klimautvalet må peike på tiltak for å redusere desse i tråd med utvalets mandat ‘Noregs påverknad av, og bidrag til, lågutslepputvikling i andre land’. Herunder må utvalet sjå på Noregs internasjonale ansvar og påverknad på ande lands utslepp, både gjennom redusert forbruk, redusert eksport av utslepp som olje og gass (sjå punkt under) og gjennom å auke klimafinansieringa.
  • Utover Noregs offisielle utsleppsrekneskap må utvalet også diskutere og foreslå løysningar for å få ned utslepp i utlandet som norske politikarar og forbrukarar påverkar gjennom både tilbod, etterspurnad og andre handlingar som klimabistand eller investeringar i Statens pensjonsfond utland. Noregs største kjelde til utslepp i andre land er eksport av olje og gass. Når det gjeld andre lands utslepp frå bruk av norske fossile brensler, må det innførast tiltak på både etterspurnads- og tilbodssida. Her har likevel Noreg størst moglegheit for å bidra på tilbodssida, ettersom alt norsk tilbod av olje og gass er under norsk kontroll. Utvalet bør derfor fyrst og framst peike på tilbodssidetiltak for å redusere norsk eksport av fossile brensler.

 

LULUCF

  • Opptak og utslepp av klimagassar frå LULUCF må bli omfatta av utvalets arbeid, men utsleppsreduksjonar eller utsleppsopptak må haldast utanfor det ordinære klimagassreduksjonsmålet. Opptak og utslepp frå LULUCF må i staden omfattast av eige mål.
  • Det pågår ein debatt om utslepp frå LULUCF er riktig berekna. Det har lenge råda ei falsk oppfatning om at norsk skogbruk med flatehogst, markberedning og anna netto ikkje har utslepp av klimagassar, fordi skogen vil vokse tilbake. Dette premisset har vore sterkt fremma av skognæringa, men tar ikkje omsyn til store utslepp frå karbonventilering av mark. Klimautvalet må sørge for å bruke ei reell berekning av klimagassutslepp frå Skogbruk.
  • Det er i dag nærmast ikkje noko system for å berekne klimagassutsleppa frå arealendringar i Noreg eller kva aktivitet som forårsakar arealendringar. Ingen veit kor store karbonlagre som går tapt eller blir forringa årleg. Ei slik oversikt må skaffast dersom ein skal klare å berekne og redusere utsleppa mot 2050.
  • Tilsvarande er det minst like dårleg oversikt over karbonutslepp frå menneskeleg aktivitet i havet. Utslepp frå til dømes oppvirvling av karbonhaldige sediment gjennom botntråling, tilførsel av karbon gjennom avrenning og kloakk, eller øydelegging av marine økosystem må medreknast i Noregs klimarekneskap.
  • Samstundes med klimakrisa pågår det ei naturkrise. Naturvernforbundet vil åtvare mot å bruke tilsynelatande naturbaserte klimatiltak som øydelegg for viktig naturmangfald. Døme kan vere former for BECCS, gjødsling av skog og anna.
  • Eit anna døme er bruk av biodrivstoff. Tilgangen til biomasse er knapp, og jo meir ein skal bruke, jo større er faren for at verdssamfunnet tek i bruk ressursar som er problematiske med omsyn til til dømes natur og/eller klima. Noreg forbrukar i dag ein uproporsjonalt stor del av den internasjonale biodrivstoffmarknaden. Skulle alle land basert sine klimaløysningar på biodrivstoff i like stor grad, vil konsekvensane bli store. Det er og eit problem at dei bioressursane som kan haustast på berekraftig vis, kanskje kan brukast betre til beste for miljøet på anna vis, til dømes i industrien eller til materialproduksjon. Vi saknar ein heilskapleg plan for bruk av bioressursane.
  • Fungerande økosystemtenestar er i dag det viktigaste vi har både for karbonopptak og for å redusere konsekvensar av klimaendringar. Fungerande natur og tilhøyrande økosystemtenestar er derfor eit av dei viktigaste klimatiltaka vi har. Eit klimatiltak igangsett frå menneske som øydelegg viktig natur er derfor sjeldan eit reelt klimatiltak. Slike inngrep må verte unngått.
  • Øydelegging av natur og økosystemtenestar skjer i nesten alle tilfelle gjennom bit-for-bit nedbygging eller anna bit-for-bit øydelegging. Klimautvalet må derfor sjå på den samla øydelegginga av natur og økosystemtenestar i Noreg, og kome med tiltak for å stanse øydelegginga. Dette vil vere både natur- og klimatiltak.

 

Planar, tiltak og verkemiddel.

  • Planar må vise utsleppskutt i Noreg kvart år fram til 2050, og gje ein peikepinn påutsleppa også etter  2050.
  • Planar må vise utsleppskutta både i ratio utsleppskutt og i akkumulerte utsleppskutt, slik vi har skrive om i fyrste del av dette innspelet.
  • Planar må også lagast for klimafinansier kvart år frem til 2050. Dette må tilsvara Noregs rettferdige del (basert på historisk ansvar og økonomisk kapasitet) av dei globale behova for klimafinansiering, basert på best tilgjengeleg kunnskap og behov i Sør, og forhalda seg til pågåande debattar i klimaforhandlingane om langsiktige mål for klimafinansiering.
  • Prinsipp i Parisavtalen om balanse mellom klimafinansiering til utsleppskutt og tilpassing må leggast til grunn i norske planar rundt klimafinansiering. Finansiering til tap og skade må også sikrast. Norsk klimafinansiering bør givast gjennom diverse multilaterale og bilaterale kanalar slik at den er mest effektiv og når land og menneske med største behov for støtte. Klimafinansiering må vere friske midlar utover det eksisterande bistandsbudsjettet, sjølv om det også er viktig at klimaprofilen i bistand aukast og konsekvensane for utslepp frå norsk bistand synleggjerast i statsbudsjettet og rapportering jamfør punkta under.
  • Planar må vise kostnadar ved å ikkje nå klimamål. Det må leggast større innsats i utrekningar av kostnader enn kva som har vore gjort tidlegare. Kostnader kan visast i nåverdiberekna samfunnsøkonomiske tap, endring i BNP og/eller anna egna måleeining.
  • Det må innførast årlege klimabudsjett som skal talfeste korleis statsbudsjettet påverkar klimagassutsleppa ved å berekne utsleppskonsekvensar av alle kapittel. Der konsekvensane av statsbudsjettet kuttar mindre utslepp enn snittet som må kuttast kvart år fram til 2050 (jamfør fyrste punkt i dette kapittelet) må regjeringa vise til tydelege planar for ytterlegare utsleppskutt i resten av regjeringsperioden.
  • I planar må det vere tydeleg samanheng mellom tiltak og verkemidlar. Klimakur frå 2030 hadde mange tiltak, men få verkemiddel og dårleg kobling mellom dei. Kvart einaste tiltak i ei plan må ha konkrete verkemiddel bak seg. Verkemidla må vere berekna som stort nok for å kunne innføre tiltaket.
  • Verkemiddel må vere meir enn berre støtteordningar og haldningskampanjar. Generelt må heile verktøykassa av verkemiddel utvidast. Verkemiddel som forbod, påbod, avgifter må nyttast i større grad enn i tidlegare planar. Dette må likevel kome i kombinasjon med «gulrot-verkemiddel».
  • Forbod, påbod og avgifter i planar må konkret vedtakast i Storting eller statsråd. Dersom eit verkemiddel berre er ein del av eit større vedtak om ein plan, utan eit forpliktande vedtak på det enkelte verkemiddel, er Naturvernforbundets erfaring av folkevalde styresmakter kan unngå å innføre upopulære verkemiddel. Med vedtak i Stortinget kan ikkje utøvande makt unngå innføring av verkemidla.
  • Det må utarbeidast planar både for kvotepliktig og ikkje-kvotepliktig sektor. Planar må legge til grunn at måla skal nås med minimal teknologiutvekling. Erfaring visar at tidlegare klimaplanar har overvurdert teknologiutveklinga.
  • Det må gjerast utrekningar på kraftsituasjonen med alle føreslåtte tiltak i planar. Tilhøyrande må det også kome planar for korleis den endra kraftsituasjonen skal møtast med minimale naturinngrep. Plana må basere seg på energieffektivisering før ein ser på tiltak for kraftutbygging.
  • Utvalet må sjå på korleis vi kan redusere det materielle forbruket i Noreg, og lage langsiktige planar for dette.
  • Planar må innehalde klare rammer for at transportpolitikken prioriterer infrastruktur som reduserer klimagassutslepp og bidreg til andre natur- og miljøforbedringar.
  • Auka CO2-avgift er viktig ,og planar bør trappe opp avgifta raskare enn det den noverande klimaplana har lagt opp til. Når ein vurderer opptrapping av CO2-avgift, må ein vurdere reell betalt CO2-pris etter skatt.
  • I ei verd med null utslepp i 2050 er det ikkje plass til ein enorm olje- og gassindustri. All tildeling av petroleumsløyve på norsk sokkel må stansast. Vidare må det lagast ein nedtrappingsplan for å fase ut petroleumsverksemda innan 2040.
  • Naturvernforbundets rapport Fossilfritt Norge visar at det er mogleg å redusere den fossile energibruken med 55 prosent innan 2030 og fase den ut heilt innan 2040 utan storstilt utbygging av ny fornybar energiproduksjon, men det forutsett massiv satsing på energieffektivisering og redusert energibruk i transportsektoren samt at petroleumssektoren må trappast ned og fasast ut innan 2040.
  • Planar må innehalde tiltak for betre arealplanlegging og strengare vern av naturen for å unngå forstyrring av naturleg karbonopptak og lagring.
  • Planar må innehalde tiltak for å auke naturleg karbonlagring. Gjødsling av skog er ikkje eit naturleg tiltak. Restaurering av våtmark er døme på eit godt tiltak.

 

Lovverk

  • Klimalova bør vere ein lov som styrker eksisterande sektorlovar. Lova må gjere det mogleg å bruke klima som juridisk argument for å stanse utbyggingar eller tiltak som låser oss til høge utslepp i framtida. Til dømes utvidingar av flyplassar, bygging av motorvegar, etablering av bilbaserte kjøpesenter, nedbygging av karbonopptakande naturareal og liknande. Utvalet må vise korleis avgjerder som blir teke no låser oss til utslepp mot 2050 og forbi.
  • Dommen frå Høgsterett i klimasøksmålet (HR-2020-2472-P) slår fast at styresmaktene må gjere slike vurderingar, og vil vere pliktig til å avslå planar dersom det vil føre til store natur- og/eller klimakonsekvensar.

 

Til slutt

Vi vil kome tilbake til utvalet med fleire innspel ved komande innspelsrundar. Vi er også tilgjengelege for å forklare våre innspel meir inngåande dersom utvalet ønsker det.

Med venleg helsing

Truls Gulowsen, leiar

Thor Due, fagrådgjevar