Bakgrunn

Noreg har i lov om klimamål (klimaloven) lovfesta eit mål om å bli eit lågutsleppssamfunn innan 2050. Klimaloven slår fast at målet skal vere at klimagassutsleppa blir reduserte i storleiksorden 90–95 pst. jamført med utsleppsnivået i referanseåret 1990.

Parisavtalen oppmodar alle land til å utvikle langsiktige lågutsleppsstrategiar. Stortinget behandla Noregs lågutsleppsstrategi for 2050 i samband med Klima-og miljødepartementet sin budsjettproposisjon for 2020 (Prop. 1 S (2019-2020)). Strategien inneheld overordna prioriteringar og viktige omsyn for vegen til lågutsleppssamfunnet fram mot 2050.

Lågutsleppstrategien skisserer fire hovudtrekk ved lågutsleppssamfunnet i 2050:

  • Lågutsleppssamfunnet er eit samfunn med låge utslepp i alle sektorar.
  • Areal, skog og ressursar blir forvalta på ein berekraftig måte som legg til rette for høgt opptak og låge utslepp. Våre areal lagrar karbon og forsyner oss med materialar, mat og energi.
  • Eit grønt næringsliv med låge utslepp av klimagassar.
  • Byar og lokalsamfunn legg til rette for låge klimagassutslepp og gode levekår for innbyggarane

Lågutsleppsstrategien skildrar vidare korleis klimapolitikken nasjonalt er basert på følgjande prinsipp: forureinar skal betale, effektive verkemiddel, støtte til teknologiutvikling, globale effektar er avgjerande og eit lågutsleppssamfunn, ikkje eit låginntektssamfunn.

Noregs klimamål for 2030 om å redusere utsleppa av klimagassar med minst 50 og opp mot 55 pst. innan 2030, samanlikna med 1990, og Klimaplanen for 2021-2030 (Meld. St. 13 (2020-2021)), er eit avgjerande steg på vegen mot at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn i 2050. Som part til Parisavtalen skal Noreg kvart femte år melde inn nytt eller oppdatert klimamål. For å fremje omstilling til eit lågutsleppssamfunn forpliktar også klimaloven regjeringa til kvart femte år å leggje fram eit oppdatert klimamål for Stortinget. Klimautvalet 2050 vil gi viktige innspel til desse prosessane.

Lågutsleppsutvikling i tråd med dei internasjonale klimamåla i Parisavtalen vil gje moglegheiter og utfordringar for alle land, også Noreg. Norsk klimapolitikk er tett samanvoven med europeisk politikk, gjennom EØS-avtalen, gjennom klimaavtalen med EU om samarbeid om gjennomføring av klimamålet for 2030 (medrekna deltaking i det europeiske kvotesystemet), og fordi EU er Noregs viktigaste handelspartnar. Oppfølginga av «Europas grøne giv», som er den grøne vekststrategien til EU, kjem til å påverke den grøne omstillinga i Noreg. Pågåande regelverksutvikling i EU vil også få følgje for rammene for Noregs klimapolitikk.

Størstedelen av norske utslepp kjem frå olje-og gassutvinning, og frå industri, etterfølgt av vegtrafikk og annan transport, jordbruk og avfall. Det norske samfunnet har eit godt utgangspunkt for lågutsleppsutvikling. Mange tek del i arbeidslivet, og vi har store naturressursar, ein kompetent arbeidsstokk og solide statsfinansar. Ei av hovudutfordringane framover vil vere å omstille oss til ein ny situasjon der vi liknar meir på vestlege økonomiar utan olje-og gassressursar. Oppfylling av Parisavtalen trekkjer isolert sett i retning av lågare etterspørsel etter fossil energi og dermed lågare verdi av oljen og gassen på norsk sokkel. Samstundes kan ei slik utvikling auke etterspurnaden og verdien av dei fornybare ressursane, til erstatning for ikkje-fornybare ressursar med høgare klimautslepp. Sjølv om dei menneskeskapte globale utsleppa skulle bli kraftig reduserte dei næraste tiåra, tek det tid før oppvarminga snur. Samstundes som Noreg blir eit lågutsleppssamfunn må vi derfor førebu samfunnet og tilpasse oss eit klima i endring. Endringane skjer allereie og dei er synlege i Noreg.

Langsiktig vekst-og omstillingsevne føreset gode, generelle rammevilkår for næringslivet. Høg grad av konkurranse og føreseielege rammevilkår er ikkje minst viktige for grøn teknologiutvikling. Rammevilkåra for ei omstilling til lågutsleppssamfunnet må baserast på best tilgjengeleg kunnskap. Denne kunnskapen er i stadig utvikling. Eit godt kunnskapsgrunnlag er ikkje berre viktig for at politikken skal gjennomførast på ein så effektiv måte som mogleg, men vil også tene til å redusere uvisse og setje oss betre i stand til å gjennomføre omstilling fram mot eit lågutsleppsamfunn og handtere klimarisiko. Arbeidet til FNs klimapanel, mellom anna spesialrapportane om 1,5 graders global oppvarming og om landareal, samt komande sjette hovudrapport, blir sett på som det beste tilgjengelege kunnskapsgrunnlaget for klimapolitikken. Utvalet skal også trekkje på kunnskapen i fagetatane, offentlege dokument, relevante analysar og kompetanse nasjonalt og internasjonalt, samt arbeidet til teknisk berekningsutval for klima (TBU klima). Analysar av klima i samanheng med den breiare samfunnsutviklinga fram mot 2050 vil krevje både kvantitative og kvalitative metodar. Det kan vere behov for å supplere det faggrunnlaget ein har i dag.

Ulike verkemiddel og tiltak for reduksjon av klimagassutslepp har ulik fordelingseffekt, både i inntektsfordelinga, mellom arbeid og kapital og mellom sentrale og mindre sentrale strøk. Ei skeiv byrdefordeling av fordeler og ulemper av klimapolitikken kan medverke til polarisering, misnøye i opinionen og forsinke nødvendig omstilling.

Føringar


Hovudføremålet til utvalet er å gjere ei heilskapleg utgreiing av dei vegvala Noreg står overfor for å nå klimamålet i 2050, og vise korleis Noreg kan bli eit lågutsleppssamfunn i 2050, på ein mest mogleg kostnadseffektiv måte, med effektiv ressursbruk og eit konkurransedyktig næringsliv. Denne omstillinga må også medverke til ei utvikling som sikrar naturmangfaldet og eit berekraftig velferdssamfunn. Utvalet skal vurdere måloppnåing og nytte i høve til den samfunnsøkonomiske kostnaden.

Utgreiinga må fange opp sektorovergripande forhold. Dette gjeld særleg for område som berekraftig og heilskapleg hav-og arealforvaltning og energi, som grip over fleire sektorar. Samstundes skal utgreiinga omfatte utslepp og opptak i alle sektorar, og belyse sentrale problemstillingar for å nå 2050-målet.

I utgreiinga av ulike vegval for korleis Noreg kan bli eit lågutsleppssamfunn i 2050 bør utvalet sjå på:

  • Samanhengar i politikken på kort, mellomlang og lang sikt, og vurderingar av samfunnsøkonomisk nytte og -kostnader.
  • Klimarisiko (overgangsrisiko).
  • Problemstillingar knytt til rettferdig omstilling og geografiske skilnader på vegen til eit lågutsleppsamfunn, irekna fordelingseffektar i inntektsfordelinga, fordeling mellom arbeid og kapital i produksjon av varer og tenester og geografiske fordelingseffektar mellom sentrale og mindre sentrale strøk.
  • Teknologiutviklinga sin påverknad på kostnadar, prisar og marknadsstruktur.
  • Noregs forhold til EU og regelverksutvikling i EU.
  • Samanhengar mellom åtferdsmønster, berekraftig levesett og lågutslepputvikling.
  • Problemstillingar knytt til lokale og nasjonale avgjerdsprosessar og styringssystem.

Utvalet skal analysere ulike aktørars rolle i overgangen til lågutsleppssamfunnet, mellom dei stat, fylke, kommunar, industri og anna næringsliv, finansnæringa, sivilsamfunnet og befolkninga der det er relevant. Utvalet skal innhente innspel og involvere relevante aktørar i arbeidet, mellom anna næringslivet, sivilsamfunn og partane i arbeidslivet. Utvalet skal sørge for ein inkluderande prosess og leggje til rette for brei offentleg debatt.

Utvalet skal rapportere til Klima-og miljødepartementet om status midtvegs i arbeidet. Utvalet skal levere ei samla utgreiing og tilråding i form av ein NOU innan 1. november 2023.