Kronikk: Debatten bør vere breiare enn berre korleis ein kan oppfylle den tøffaste tolkinga av målet i Parisavtalen.

Av Asbjørn Torvanger.

Den tøffe politikken som må til for å nå 1,5 °C-målet blir ukritisk akseptert av dei fleste i samfunnet, mellom anna av NHO og LO. Men det er lite debatt om premissane som politikken byggjer på.

Publisert: 07.07.21 — 20.01.

Desto treigare vi er til å kutte klimagassutsleppa, desto viktigare blir fjerning av karbondioksid frå atmosfæren med skogplanting, skriv Asbjørn Torvanger.

Desto treigare vi er til å kutte klimagassutsleppa, desto viktigare blir fjerning av karbondioksid frå atmosfæren med skogplanting, skriv Asbjørn Torvanger. Bildet: Skogplanting i Brumunddal. (Foto: Luca Kleve-Ruud)

Både i Norge og EU har politikarane bestemt at klimamålet er halvering av klimagassutsleppa i løpet av ti år og tilnærma null netto utslepp i 2050. Dette er også grunnlaget for den siste Klimakur-utgreiinga, klimaplanen frå januar, og ligg bak energimeldinga som nyleg kom ut.

Det siste tilskotet til den offentlege debatten er den nye rapporten til IEA, som presenterer eit scenario med radikale grep i samfunnet og energisektoren for å avgrense den menneskeskapte oppvarminga ned mot 1,5 °C. Dette er den tøffaste enden av Parisavtalen, der klimamålet er under 2 °C oppvarming over førindustrielt nivå og prøve å nå ned mot 1,5 °C.

I dag er oppvarminga på over 1 °C.

Den tøffe politikken som er nødvendig for å kunne nå 1,5 °C målet blir ukritisk akseptert av dei fleste i samfunnet, mellom anna av NHO, LO og Forskningsrådet.

Men det er lite debatt om dei tre premissane som denne tøffe klimapolitikken byggjer på for å kunne kallast god i ein breiare samanheng, sjølv om det er uvisst i kva grad dei er eller realistisk sett kan bli oppfylt:

* gje høgast nettoverdi for samfunnet og ei rimeleg fordeling mellom land og grupper
* gje ein god balanse mellom klima og andre berekraftsmål
* At andre land vil støtte denne politikken med tilstrekkeleg eigen innsats.

Nettoverdi og fordeling
Når det gjeld nettoverdien av ein 1,5 °C-retta klimapolitikk, har verken forsking eller andre vist at dette svært ambisiøse klimamålet og politikken er den beste for samfunnet, verken for Norge eller andre land, i den forstand at fordelane blir størst mogeleg i forhold til kostnadane, og at det blir ei akseptabel fordeling av ulemper og fordelar mellom land og grupper.

Den radikale og grøne omstillinga for å prøve å nå 1,5 °C vil koste mykje for samfunnet, sjølv om vi alle har eit håp om at den grøne omstillinga også skal ha mange fordelar og gje rom for nye arbeidsplassar og industriutvikling. Tøff politikk og omstilling vil gje store fordelingseffektar mellom næringar og regionar. Det kan difor godt hende at den ‘lettaste’ enden av klimamålet frå Parisavtalen, 2 °C oppvarming, alt i alt er betre for samfunnet og framtidige generasjonar, og for Norge og andre land.

Berekraftsmål
Som kjent har FN i alt stilt opp 17 berekraftsmål, der eit går på klima. Oppfyllinga av nokre av desse kan komme i konflikt med andre.

Eit eksempel er at klimatiltak som hardare drift av skogen for å få ut meir bioenergi eller utbygging av vindkraft kan ha negative konsekvensar for naturen og biodiversiteten. Vi veit at natur og biodiversitet er under hardt press frå menneskesamfunnet.

Eit anna eksempel er at omfattande elektrifisering kan føre til negative konsekvensar for folk i fattige land knytt til gruvedrift for utvinning av sjeldne jordmetall til batteri m.m.

Dette betyr at klimapolitiske tiltak må balanserast mot andre viktige samfunnsmål.

Betre og grøn teknologi kan gjere det lettare å nå eit krevjande klimamål, så forsking og utvikling er viktig, men vi veit ikkje kor langt vi kan komme i løpet av nokre tiår.

FNs klimapanel sin 1,5 °C-rapport frå 2018 peikte på at fjerning av karbondioksid frå atmosfæren gjennom blant anna skogplanting og karbonfangst- og lagring kombinert med bioenergi vil hjelpe til med å nå klimamålet. Desto treigare og mindre flink verda er til å kutte klimagassutsleppa, desto viktigare blir fjerning av karbondioksid frå atmosfæren.

Utfordringa er at vi i dag berre er i startfasen med slike teknologiar, og at stor satsing kan komme i konflikt med andre berekraftsmål, for eksempel produksjon av mat og vern av biodiversitet.

Andre land
Skal Norge og Europa med sine 15 prosent av globale klimagassutslepp gjennom tøff klimapolitikk sikre ein bra sjanse for å nå eit tøft og globalt klimamål, er det avgjerande å få med flest mogeleg andre land, og i alle fall store land som Kina, USA og Russland.

Leiarskap går ikkje berre på å bli samde om eit mål, men å få andre med på ein realistisk veg for å nå dette målet.

Går Norge og Europa for langt i forkant, risikerer vi at andre land utnyttar situasjonen og får fordelar.

Det blir svært krevjande å få med andre store land på tøff klimapolitikk, fordi interessene og økonomiane er ulike og alle ikkje meiner at klima er like viktig.

Går Norge og Europa for langt i forkant, risikerer vi at andre land utnyttar situasjonen og får fordelar av dette medan vi får det meste av kostnadane, og at den globale klimaeffekten blir moderat.

Klimaendring er ei viktig utfordring, men saman med oppfylling av andre berekraftsmål.

Det viktigaste er at kursen mot eit meir klimavennleg samfunn er staka ut, ikkje å nå eit temperaturmål som byggjer på usikre premissar.

Det er også viktig å ha ein nøktern samfunnsdebatt om kva som er den beste politikken for Norge, Europa og verda, og denne debatten bør vere breiare enn korleis ein kan oppfylle den tøffaste tolkinga av målet i Parisavtalen.